Gulatinget

"Knottfellene er ein suksess"

Svenske myggforskarar vart engasjert av Tusenårsstaden Gulatinget i 2004 for å vurdere om det var løysingar for knottproblemet på Flolid. På bakgrunn av rapporten frå ”svenskane” kjøpte Tusenårsstaden Gulatinget 15 skotske knottfeller frå firmaet Toril Rysjedal Bygnes. I tillegg omfatta avtalen drift og oppfølging av fellene frå juni til september 2005. Gunnar Bygnes hadde hovudansvaret for dette arbeidet.

I siste del av juni 2005 vart fellene utplassert på Flolid (9 Midgeater og 6 Midg-it). Tida ut juni vart nytta til å finne den rette plasseringa av fellene i området. I denne fasen var Skottland sin kjente knottekspert dr. Alison Blackwell saman med to assistentar, på Flolid. Også Texol sin utviklingssjef Frank Leighton har vore viktig i prosjektet med sin kunnskap om feller for fangst av blodsugande insekt. Nasjonalt Folkehelse Institutt var Gulatinget sin faglege rådgjevar. Alle partar var tilstades då fellene vart plassert ut, og følgte opp arbeidet vidare.

Dr. Alison Blackwell sine assistentar tok i den første fasen jordprøvar, som vart analysert i Edinburgh. Dette gav betre kunnskap om forholda for knott på Flolid. Vidare sjekk av fellene og innsamling av knottfangst onsdag og søndag kvar veke. Resultatet av innsamla knott vart så sendt til dr. Alison Blackwell for vurdering.

I byrjinga av august 2005 var utviklingssjef Frank Leighton tilbake på Flolid. Fellene vart då flytte litt for å få til den optimale plasseringa vidare. Målsettinga for plasseringa av fellene, var å få til den optimale vernesone rundt ”steinveggen” og amfiet. Dette for at knotten i minst mogleg grad skulle finne vegen inn i publikumsområdet, og totalt i 2005 vart det fanga over 19 milionar knott på Flolid. På sikt vil også fangsten redusere den totale knottmengda i området, då fanga knott ikkje får lagt nye egg som utviklar seg til nye knott neste år.

Dr. Alison Blackwell avslutta prosjektperioden med ein rapport hausten 2005.

Fellene vart utplassert for nytt driftsår i mai 2006, og i artikkel i Firda i juli var overskrifta følgande "Knottfellene er ein suksess". Artikkelen finn du under presseomtale.

Det er Gulen kommune som har ansvaret frå 2006 for utplassing og oppfølging av fellene på Gulatinget.

Linkar til aktuell dokumentasjon (fleire artiklar under presseomtale)

Tusenårsstaden Gulatinget, 
eit flott skue frå amfiet.
Bilete av utsikta ned mot sjøen- før og no.
Store utbetringar i området 
vart gjort i 2004/2005. 
Her er også ei av fellene i arbeid.
Midgeater Max på Tusenårsstaden.

www.midgeater.no  -  org. nr.  981 345 584