Spørsmål og svar (FAQ)

Korleis virkar fella?

Fellene brenn propan, som avgjer CO2 og fuktigheit. Dette saman med octenol (luktestoffet) simulerer eit pattedyr og dreg insekta, som er ute etter blod, til seg. Det er berre hoene som bit, då dei treng blod til eggleggingsprosessen.

Ved fella vert insekta sugd ned i fangstposen, og insekta tørkar ut og døyr.  

Fellene skal berre brukast utandørs.

Kva må gjerast før eg tek fella i bruk?

Fella er ferdig montert og klar til oppstart ved levering. Kun vèrhatten på Max må skruast på.

Oppstarten av fella er enkel og brukarmanualen på norsk gir gjennom bilete og tekst, ei enkel forklaring. Hugs gass, plassering av octenol og fangstpose. Trykk på startknappane og så er fella klar til fangst.

Driftskostnader og oppfølging?

For å bruke fella treng du gass og octenol. Kostnaden vil avhenge av kor mange veker du har behov for å ha fella i drift. Ved t.d. 12 vekers drift er det behov for tre 10-kg gassflasker og ein 3-pakning octenol til kr 495,-.

Oppfølging av fella vil vere å skifte fangstposar, octenol og gassflaske etter behov.

Kor ofte må ein skifte gassflaske?

Ei 10 kg kompositt flaske (husholdningsgass) må skiftast etter ca. 4 veker kontinuerleg drift. 

Har du ei felle som er produsert før 2007, varer ei 10 kg gassflaske i omlag 3. veke.

Kor ofte må octenolen skiftast?

Den typen vi har i sal i Norge frå 2007, skal skiftast kvar 4. veker og er tilpasse skifteintervallet av gass.

Fellene produsert i 2006 og tidlegare har 3. vekers driftstid ved 10 kg gass, og vi kan framleis levere octenol også tilpassa desse fellene.

Skal fellene slåast av på dagtid?

Nei, fellene er designa for å gå kontinuerleg, døgnet rundt i heile insektsesongen.

Kor ofte skal fangsposen skiftast?

Posen bør skiftast seinast når den er halvfull, men kan sjølvsagt skiftast oftare.  Posen med insekt kan gjerne leggast i ein plastpose og i ein fryseboks ei stund,  før ein tømmer posen.

Med fella følgjer det med to fangstposar.

Kor stort dekningsområde har fellene?

Dette avhenger m.a. av typografi og værforhold, og vil variere frå plass til plass. Det er viktig å finne ei god plassering av fella, og gjerne flytte den gjennom sesongen. 

Under optimale forhold kan insekta kjenne lukta av CO2 og octenol på opptil 100 meters avstand.

Fellene i sal frå 2007-sesongen vidareutvikla og har større dekningsområde og auka viftekapasitet.

Treng fellene elektrisk strøm?

Nei, fellene produserar sin eigen strøm, som igjen driv viftene. 

Dette betyr også at fellene kan plasserast der du måtte ønskje det, utan behov for strømtilkopling.

Kva er skilnaden på den store og små fella?

Reint teknisk er Midgeater Max og Midg-it like, men den store fella er betre å bruke i t.d. hagar og der det er enkelt å flytte fella på hjul. 

Må fella flyttast i område med vanskelegare tilkomst/bratt terreng, vil 
Midg-it vere eit betre alternativ då den er lettare og meir transportabel. 

På den store fella  står gassflaska inne i felleskroget,  medan den små har gassflaska ståande 
ved sidan av. Max er den einaste fella på den norske marknaden med skjult gassflaske.

Her er det på tide med skifte av fangstpose.
Store insektsmengder fanga 
på testfelt i Skottland.
Midgeater Max og Plus i aksjon.
Midg-it på Gulatinget.
Store knottmengder på Sotra.

www.midgeater.no  -  org. nr.  981 345 584