Siste nytt

24.06.11

Vi kan dessverre ikkje lenger skaffe Midgeater Max og Midg-it. Vi har framleis felleutstyr og deler på lager. Så ta kontakt på e-post eller ring oss. Kontaktinformasjon finn du under Kontakt oss.

23.06.08

Ny sending av feller frå Skottland på plass på lager i Ytre Sogn, men her går det fort ut igjen. 

Ny forhandlar i Lillestrøm frå juni i år - Maxbo Ødeby har tatt inn både Max og Midg-it.

05.05.08

Kundar frå nord til sør i landet er i gang med å sikre seg feller til årets knott- og myggsesong. Det går enno nokre veker før insekta vert ei plage. Men spesielt i Sør-Norge med mykje fint ver over lang tid i vår, kan sesongen starte tidlegare enn kva vi kunne ønskje.

07.04.08

Prisane på knott- og myggfellene vert for 2008 følgande: 

Midgeater Max   kr 11.495,-.
Midg-it                kr   8.990,-.

Fellene er klar til levering frå vårt lager i Norge.

Ein 3-pakning med octenol vil frå 02.05.08 auke til kr 545,- i utsalspris.

Siste nytt 2007

17.07.07

I 2006 leverte vi ei Midgeater Max til Åna-Sira fotballklubb. 
I Dalane Tidende stod det 27.06.07 ein artikkel med overskrifta "Myggfangeren er den 12. spiller".

Petter Kvelland fortel i artikkelen at bana ligg slik til at det er eit eldorado for mygg og knott. Under enkelte treningar og kamper, er det nesten så ille at dei ikkje kan spele. På desse dagane er det reine marerittet for publikum. Men så var det ein som kom over ei slik maskin på internett som fangar desse små plageåndene. Sjølv om maskina var dyr, bestemte styret seg for å gå til innkjøp av ei maskin som prøve. Den har virka over all forventning, seier Kvelland til Dalane Tidende .

28.06.07

Atle Frøyen frå  Kalvåg er overbevist om at myggfella han har kjøpt er ei god investering.
Les artikkelen i Fjordenes Tidende 15.06.07  "Til kamp mot myggen"

26.06.07

Det minkar på fellene etter ein svært aktiv salsperiode, så vi har bestilt inn fjerde partiet med feller frå Skottland. Nye Max og Midg-it er på lager frå mandag i neste veke.

15.06.07

Vi har utvida forhandlarlista og du kan få kjøpt dei skotske knott- og myggfellene på sentrale plassar i Trøndelag. Også i Kristiansund kan du no kjøpe våre feller direkte hos forhandlar.

09.06.07

I Leknessundet i Solund kommune har 6 naboar kjøpt inn kvar si Midgeater Max, og er  klar for årets mygg- og knottsesong.

07.06.07

Her er det høg aktivitet, og vi har alt bestilt tredje leveranse i år frå produsenten i Skottland. Desse fellene er klar for utsending i slutten av neste veke, men fortvil ikkje - lageret vårt er ikkje heilt tomt og vi kan enno levere feller på kort varsel.

06.06.07

Dei 15 fellene på Tusenårsstaden Gulatinget er utplassert og i drift. Det er teknisk etat i Gulen kommune som har ansvaret for oppfølginga også i sommar.

04.06.07

Du finn forhandlarar både på Sotra, Askøy, Kalvåg, Kyrksæterøra og Stjørdal. 
Meir informasjon på FORHANDLAR-sida.

31.05.07

Vi har motteke ny vidareutvikla octenol frå Skottland. 
Octenolen er spesielt tilpassa 2007-modellane med 4 vekers driftstid pr 10 kg flaske med gass.
Kvar pose varer i 4 veker, og vi sel dei i 3 pakningar til kr 495,-.

25.05.07

Leveranse av Midgeater Max til Bulandet barnehage 22.05.07.
Les artikkelen i Firda 24.05.07. "No kan knotten komme"

18.05.07

Nytt parti med Midgeater Max og Midg-it kjem frå Skottland til Norge, i slutten av neste veke.

09.05.07

Det er stor pågang etter feller og vi er alt starta planlegginga av å få over neste parti med Max og Midg-it frå Skottland. Dersom du ønskjer å vere sikra rask levering, og i tillegg vere klar til knott- og myggsesongen, så kan det vere lurt å bestille felle no.

08.05.07

Linken under er til nyheitsbrevet, som går ut til våre kundar i desse dagar.

Nyheitsbrev vår 2007 (pdf)

16.04.07

Alt bestilte feller er klar for utsending i neste veke. Vi har mange bestillingar alt, så har du tenkt å vere tidleg ute i kampen mot dei blodsugande insekta, er det nok lurt å også vere tidleg ute med fellebestillinga.

30.03.07

Prisane på knott- og myggfellene vert for 2007 følgande: 

Midgeater Max   kr 11.495,-.
Midg-it                kr   8.990,-.

Fellene er klar til levering i Norge frå slutten av april.

Octenol har vi på lager enno til kr 479,- for ein 4-pakning , men når nytt parti kjem inn ut på vårparten vil utsalsprisen auke.

05.03.07

Vi har hatt eit interessant besøk i Skottland hos Texol for nokre veker sidan og kan no informere om kva som er nytt på 2007-modellane.

-  Fellene sin viftekapasiteten er auka med 20 %. 
-  Fellene produserer reinare CO2 og får også eit større dekningsområde. 
-  Dei nye modellane har 
4 vekers kontinuerlig driftstid ved bruk av 10 kg gassflaske,  
   mot tidlegare om lag 3 veker
.

17.01.07

Dei første bestillingane for 2007-sesongen er byrja å komme inn, då det er fleire som ønskjer å sikre seg felle i god tid før ny knott- og myggsesong.

Vi har nokre få Midg-it inne og sel dei til vinterpris kr 7.990,- (ordinær pris kr 8.990,-)så lenge vi har igjen på lager.

Prisane for 2007 er ikkje fastsett enno, men det vil kunne bli ein prisauke på feller og utstyr då varer frå Skottland er omlag 10 % dyrare inn til Norge i år grunna kronekursen.

10.01.07

Texol forskar kontinuerleg for å utvikle fellene, og vi skal over til fabrikken i 
Dundee (Skottland) i slutten av januar for å få informasjon om det siste nye for 
2007-sesongen.

02.01.07

Vi ønskjer alle våre kundar eit riktig godt nytt år.

Siste nytt 2006

11.10.06

Det har vore ein svært travel sommar og haust, då fellene våre har fått stor merksemd og tal feller ut til private og bedriftskundar over heile landet, har vore over all forventning. Spesielt kjekt på slutten av sesongen å få bestillingar der kunden brukte personar som hadde kjøpt felle tidlegare i sesongen som sin referanse.

Positive tilbakemeldingar i kunden sitt nærområde, er vår beste marknadsføring.

02.09.06

Under referanser har vi lagt ut eit videopptak frå 2005, som vi har motteke frå Arild Asphaug i Tælavåg på Sotra. Han har filma Midgeater Plus og knotten i aksjon, og det døgnet fanga fella omlag 700.000 knott.

27.08.06

Vi har framleis nokre få feller igjen på lager, men det har minka også dei siste vekene. Det er mange som framleis ønskjer å nyte sommarkvelden ute, til tross for knott- og myggplager.

24.08.06

Sjølv om vi ikkje har det formelle oppfølgingsansvaret for Tusenårsstaden Gulatinget, har vi vore innom nokre gonger i sommar for å sjå over fellene. Tilbakemeldingane er positive og fellene fungerer slik dei skal.

På bilete oversikten til høgre, har vi lagt inn eit bilete frå siste runda vi var for 
14 dagar sidan.

02.08.06

Mygg- og knottsesongen er ikkje over enno og kan vare til langt ut i september. Framover er ei viktig tid å fange ho-insekta, då dei egga som vert lagt no vert først klekt ved sesongstart til neste år.

25.07.06

Vi har til og med fått bestilling på felle til ein fotballklubb ved Flekkefjord. Dei satsar på Midgeater Max for å halde bana fri for sviknott. 

13.07.06

Artikkel i Nordhordland 08.07.06: 

"Takka vere dei mykje omtala knottfellene, held knotten seg vekke. Knottfellene på tusenårsstaden ser ut til å verke godt, også i år."

10.07.06

Siste fella av fjoråretsmodell Midgeater Plus er solgt. Fella kan ikkje lenger leverast i Norge. Midgeater Max er ei vidareutvikling av Plus og vi har framleis nokre av denne typen på lager.

07.07.06

Vi leverte tidlegare i år feller til Forsvaret og i dag fekk vi nye bestillingar på Midg-it. Den positiv tilbakemelding på fellene frå Forsvaret er viktig for oss, då fornøgde kundar er vår beste marknadsføring.

06.07.06

Nettartikkel i Firda 05.07.06 (www.firda.no).

"Knottfellene er ein suksess".

Knotten blei inga plage for den store 4H-leiren og Håkonarspelet på Gulatinget i helga. Arrangørane meiner at utplassering av knottfeller og god drenering har gjort susen.

26.06.06

Stor aktivitet på fellemarknaden då klekkesesongen for insekt har starta for fullt etter ein periode både med varme og fuktigheit. 

16.06.06

Vi har motteke ny og sterkare octenol frå Texol. Høgare innkjøpspris til Norge gjer at ein 4-pakning octenol kostar kr 479,- frå 17.06.06.

08.06.06

Insektsesongen er starta for fullt og det er mange som på nytt får kjenne kor plagsomme dei blodsugande insekta er. For å gi fleire informasjon om fellene vil det dei neste vekene bli annonsert i aktuelle lokalaviser.

21.05.06

Fellene vi fekk på lager 15.05.06 har ein lågare utsalspris, grunna større produksjonsvolum hos Texol. Utsalsprisen for sommarsesongen 2006 er 10.990,-  for Midgeater Max og  8.990,- for  Midge-it (9.850,- i 2005) .

Nokre få feller igjen av typen Midgeater Plus til spesialpris 9.990,-. Forskjellen mellom Midgeater Plus og Max er i hovudsak design og pakkestorleik.

20.05.06

Dei 15 fellene på Tusenårsstaden Gulatinget er utplassert og satt i drift av teknisk etat i Gulen kommune og Gunnar Bygnes. Teknisk etat skal ha ansvaret for drifta av fellene vidare.

18.05.06

Annonse og artikkel om knottfellene i Fjord1-magasinet som dekker buss, ferje og hurtigbåtar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Artikkelen finn du på side 75, og du finn også magasinet på Fjord1 si heimeside.

15.05.06

Nye feller på lager i Sogn, levert frå Texol i Dundee, Skottland. Fellene er av typen Midgeater Max og Midge-it. Midgeater Plus vert ikkje produsert lenger, og kan berre leverast så lenge vi har igjen på vårt lager.

25.04.06

Annonse i det landsdekkande bladet Hytteliv. Stor respons frå privatpersonar då mange er svært plaga av knott/mygg over heile landet.

15.04.06

Utstilling av Midgeater Plus hos Statoil Lavik. Stikk innom og sjå fella dersom du er i området eller skal med ferja Lavik - Oppedal.

Midgeater Max i fin augustsol på 
Tusenårsstaden Gulatinget.
Fire dagars knottfangst i Ytre Sogn, 
tatt ut av fellene 06.07.06.
Knott veg inn i Midgeater Plus,
i kveldssola på Sotra.
Gjennomgang av fellene saman med 
Gulen kommune og prosjektleiar Misje, 
før fellene vart sett ut på 
Tusenårsstaden Gulatinget i 2006.
Gulatinget 2005

www.mpdgeater.no  -  org. nr.  981 345 584