Referanser

Fellene har dokumenterte resultat og gode referansar i Noreg gjennom t.d. Tusenårsstaden Gulatinget. I dette prosjektet var Norsk Folkehelsinstitutt fagleg rådgjevar.

Fellene er også innkjøpt av Forsvaret, barnehagar, fotballklubb, oppdrettsanlegg, turistbedrifter og privat personar frå nord til sør i Noreg. 

Under er nokre av dei tilbakemeldingane vi har motteke frå fornøgde kundar.

Artikkel i Fjordenes Tidende 15.06.07 "Til kamp mot myggen".

Atle Frøyen frå Kalvåg er overbevist om at myggfella han har kjøpt er ei god investering. 
Eg har fått hagen min tilbake, seier han til Fjordenes Tidende. 

Artikkelen finn du også under presseomtale.

Kåre Flolid bur i Gulatingparken, som er 
Sogn og Fjordane sin Tusenårsstad 
på Flolid i Gulen. Han er også ein av 
grunneigarane i området. 

I 2005 kjøpte Gulatingprosjektet 15 feller 
av typen  Midgeater Plus/Max og Midg-it, 
som vart utplassert rundt i parken.

Kåre Flolid fortel følgande om resultatet 
av utplasseringa av fellene.

Dei 15 fellene i Gulatingsparken har etter mi meining ført til ein 
kraftig reduksjon i sviknottmengda. Før fellene vart utplassert har det 
ikkje vore verande ute om kvelden, 
men no er det godt  å vere ute og forskjellen er betydeleg.

Tilbakemelding frå Tusenårsstaden Gulatinget - nettartikkel i Firda 05.07.06

Knotten blei inga plage for den store 4H-leiren og Håkonarspelet på Gulatinget i helga. 
Arrangørane meiner at utplassering av knottfeller og god drenering har gjort susen.
- No er det mindre knott på tusenårsstaden enn på dei fleste 
andre plassar på Vestlandet. Det er vi veldig godt nøgde med, 
seier prosjektleiar for tusenårsstaden Gulatinget, Anne-Karin Misje.

Leif Hatlestad var plaga av sviknott 
på Apaleneset i Ytre Sogn,
 og kjøpte sommaren 2005 ein Midgeater Plus. 
 
 Han har gitt oss følgande tilbakemelding i juni 2006.

”Når folk bygger flotte uteplassar og ikkje kan vere ute om 
ettermiddag/kveld grunna knott eller mygg, 
er kostnaden på ein Midgeater liten i forhold til den 
faktiske nytteverdien det er å sleppe å måtte rømme i hus.

Eg merka raskt reduksjon i knottmengda 
etter at eg fekk fella på plass i fjor sommar, 
og er godt nøgd med korleis fella har gjort 
det mykje meir leveleg å vere ute rundt hytta."

Arild Asphaug i Tælavåg kjøpte ei Midgeater Plus i 2005,

Han har sendt over eit videopptak av fella i drift i fjor. 
Som de ser på opptaket var det store mengder insekt,
og det døgnet i 2005 fanga han omlag 700 000 knott.

Tilbakemelding på knottfeller@midgeater.no i juli 2006 frå Midgeater Plus kunde, som kjøpte fella i mai same år.

Jeg har nå fått brukt fella en del, brukt en 10 liter tank, og har bare positive ting å si om den. 
Har og tipset mange i nærområdet. Håper dette kan føre til dere selger flere, 
for jeg fikk god service hos dere.  

Så ville bare sende litt fortjent skryt.
Hilsen Jan Erik Hogstad 
en meget fornøyd kunde i Flekkefjord

Tilbakemelding på knottfeller@midgeater.no i august 2006 frå kunde,
 som kjøpte to Midg-it nokre månader tidlegare.

Har no brukt knottfangerne siden midt i juni. Det er utrolig hvor mye som er fanga. 
I begynnelsen lagra vi all fangst, men på slutten tømte vi de rett ut. 
Uten å overdrive tror jeg vi har godt over to liter med knott på samvitet. 
hvor mange individ det er tør jeg ikke tenke på.

Vi syns plagen er betydelig mindre enn i fjor.
Med hilsen
Ottar Skorstad
 7165 Oksvoll

www.midgeater.no  -  org. nr.  981 345 584