![]()
|
Knott- og myggfelle |
||||||||||
|
||||||||||
|
|
Spørsmål og svar (FAQ) Korleis virkar
fella? Korleis virkar fella?
Fellene brenn propan, som avgjer CO2 og fuktigheit. Dette saman
med octenol (luktestoffet) simulerer eit pattedyr og dreg insekta, som er ute etter
blod, til seg. Det er berre hoene som bit, då dei treng blod til
eggleggingsprosessen. Kva må gjerast før eg tek fella i bruk?Fella er ferdig montert og klar til oppstart ved levering. Kun vèrhatten på Max må skruast på. Oppstarten av fella er enkel og brukarmanualen på norsk gir gjennom bilete og tekst, ei enkel forklaring. Hugs gass, plassering av octenol og fangstpose. Trykk på startknappane og så er fella klar til fangst.
Driftskostnader
og oppfølging? Oppfølging av fella
vil vere å skifte fangstposar, octenol og gassflaske etter behov. Kor ofte må ein skifte gassflaske?Ei 10 kg kompositt flaske
(husholdningsgass) må
skiftast etter ca. 4 veker kontinuerleg drift. Kor ofte må octenolen skiftast?Den typen vi har i sal i Norge frå 2007, skal skiftast kvar 4. veker og er tilpasse skifteintervallet av gass. Fellene produsert i 2006 og tidlegare har 3. vekers driftstid ved 10 kg gass, og vi kan framleis levere octenol også tilpassa desse fellene. Skal fellene slåast av på dagtid?Nei, fellene er designa for å gå kontinuerleg, døgnet rundt i heile insektsesongen. Kor ofte skal fangsposen skiftast?Posen bør skiftast seinast når den er halvfull, men kan sjølvsagt skiftast oftare. Posen med insekt kan gjerne leggast i ein plastpose og i ein fryseboks ei stund, før ein tømmer posen. Med fella følgjer det med to fangstposar. Kor stort dekningsområde har fellene?
Dette avhenger m.a. av typografi og værforhold, og vil variere frå plass
til plass. Det er viktig å finne ei god plassering av fella, og gjerne
flytte den gjennom sesongen. Fellene i sal frå 2007-sesongen vidareutvikla og har større dekningsområde og auka viftekapasitet. Treng fellene elektrisk strøm?Nei, fellene produserar sin eigen
strøm, som igjen driv viftene. Kva er skilnaden på den store og små fella?
Reint teknisk er Midgeater Max og Midg-it like, men den store
fella er betre å bruke i t.d. hagar og der det er enkelt å flytte fella
på hjul. |
Her er det på tide med skifte av
fangstpose.
Store insektsmengder fanga
Midgeater Max og Plus i aksjon.
Midg-it på Gulatinget.
Store knottmengder på Sotra. |
||||||||
|
|
||||||||||