|
Referanser
Fellene har
dokumenterte resultat og gode referansar i Noreg gjennom
t.d. Tusenårsstaden Gulatinget. I dette prosjektet var Norsk
Folkehelsinstitutt fagleg rådgjevar.
Fellene er også innkjøpt av Forsvaret,
barnehagar, fotballklubb, oppdrettsanlegg, turistbedrifter og privat
personar frå nord til sør i Noreg.
Under er nokre av dei tilbakemeldingane vi har motteke frå fornøgde
kundar.
Artikkel i Fjordenes
Tidende 15.06.07 "Til
kamp mot myggen".
Atle Frøyen frå Kalvåg
er overbevist om at myggfella han har kjøpt er ei god investering.
Eg har fått hagen min tilbake, seier han til Fjordenes Tidende.
Artikkelen finn du også under presseomtale.

Kåre Flolid bur i Gulatingparken, som er
Sogn
og Fjordane sin Tusenårsstad
på Flolid i Gulen.
Han er også ein av
grunneigarane i området.
I 2005 kjøpte Gulatingprosjektet 15 feller
av typen Midgeater
Plus/Max og Midg-it,
som vart utplassert rundt i parken.
Kåre Flolid fortel følgande om resultatet
av utplasseringa av
fellene.
- Dei 15 fellene i Gulatingsparken har etter mi meining
ført til
ein
kraftig reduksjon
i sviknottmengda.
Før fellene vart utplassert har
det
ikkje vore verande ute om kvelden,
men no er det godt å vere ute og
forskjellen er betydeleg.
Tilbakemelding frå Tusenårsstaden Gulatinget - nettartikkel i Firda
05.07.06
Knotten blei inga plage for den store 4H-leiren og Håkonarspelet på
Gulatinget i helga.
Arrangørane meiner at utplassering av knottfeller og god drenering har
gjort susen.
- No er
det mindre knott på tusenårsstaden enn på dei fleste
andre plassar på Vestlandet. Det er vi veldig godt nøgde med,
seier prosjektleiar for tusenårsstaden Gulatinget, Anne-Karin Misje.

Leif Hatlestad
var plaga av sviknott
på Apaleneset i Ytre Sogn,
og kjøpte sommaren 2005 ein Midgeater Plus.
Han har gitt oss følgande tilbakemelding i juni 2006.
”Når folk bygger flotte uteplassar og ikkje kan vere ute om
ettermiddag/kveld grunna knott eller mygg,
er kostnaden på ein Midgeater liten i forhold til den
faktiske nytteverdien det er å sleppe å måtte rømme i hus.
Eg merka raskt reduksjon i knottmengda
etter at
eg fekk fella på plass i fjor sommar,
og er godt
nøgd med
korleis fella har gjort
det mykje
meir leveleg å vere ute rundt hytta."

Arild Asphaug i Tælavåg kjøpte ei
Midgeater Plus i 2005,
Han har sendt over eit videopptak av fella i drift i fjor.
Som de ser på opptaket var det store mengder insekt,
og det døgnet i 2005 fanga han omlag 700 000 knott.
Videopptak
Midgeater
Plus og knotten på Asphaug
(5,04 MB)
Tilbakemelding på knottfeller@midgeater.no i
juli 2006 frå Midgeater Plus kunde,
som kjøpte fella i mai same år.
Jeg
har nå fått brukt fella en del, brukt en 10 liter tank, og har bare
positive ting å si om den.
Har og tipset mange i nærområdet. Håper dette kan føre til dere selger
flere,
for jeg fikk god service hos dere.
Så ville bare sende litt fortjent skryt.
Hilsen Jan Erik Hogstad
en meget fornøyd kunde i Flekkefjord
Tilbakemelding på knottfeller@midgeater.no i august 2006 frå kunde,
som kjøpte to Midg-it nokre månader tidlegare.
Har no brukt knottfangerne siden midt i juni. Det er
utrolig hvor mye som er fanga.
I begynnelsen lagra vi all fangst, men på slutten tømte vi de rett ut.
Uten å overdrive tror jeg vi har godt over to liter med knott på
samvitet.
hvor mange individ det er tør jeg ikke tenke på.
Vi syns plagen er betydelig mindre enn i fjor.
Med hilsen
Ottar
Skorstad
7165
Oksvoll
|