|
Siste
nytt
24.06.11
Vi kan dessverre ikkje
lenger skaffe Midgeater Max og Midg-it. Vi har framleis felleutstyr og
deler på lager. Så ta kontakt på e-post eller ring oss.
Kontaktinformasjon finn du under Kontakt oss.
23.06.08
Ny sending av feller frå
Skottland på plass på lager i Ytre Sogn, men her går det fort ut igjen.
Ny forhandlar i Lillestrøm frå juni i år - Maxbo Ødeby har tatt inn både
Max og Midg-it.
05.05.08
Kundar frå nord til sør i
landet er i gang med å sikre seg feller til årets knott- og myggsesong.
Det går enno nokre veker før insekta vert ei plage. Men spesielt i
Sør-Norge med mykje fint ver over lang tid i vår, kan sesongen starte
tidlegare enn kva vi kunne ønskje.
07.04.08
Prisane på knott- og myggfellene vert for
2008 følgande:
Midgeater Max kr 11.495,-.
Midg-it kr 8.990,-.
Fellene er klar
til levering frå vårt lager i Norge.
Ein 3-pakning med
octenol vil frå 02.05.08 auke til kr 545,- i utsalspris.
Siste
nytt 2007
17.07.07
I 2006 leverte vi ei
Midgeater Max til Åna-Sira fotballklubb.
I Dalane Tidende stod det 27.06.07 ein artikkel med overskrifta
"Myggfangeren er den 12.
spiller".
Petter Kvelland fortel i artikkelen at bana ligg slik til at det er eit
eldorado for mygg og knott. Under enkelte treningar og kamper, er det
nesten så ille at dei ikkje kan spele. På desse dagane er det reine
marerittet for publikum. Men så var det ein som kom over ei slik maskin
på internett som fangar desse små plageåndene. Sjølv om maskina var dyr,
bestemte styret seg for å gå til innkjøp av ei maskin som prøve. Den har
virka over all forventning, seier Kvelland til Dalane Tidende .
28.06.07
Atle Frøyen frå Kalvåg
er overbevist om at myggfella han har kjøpt er ei god investering.
Les artikkelen i Fjordenes Tidende 15.06.07
"Til
kamp mot myggen"
26.06.07
Det minkar
på fellene etter ein svært aktiv salsperiode, så vi har bestilt inn
fjerde partiet med feller frå Skottland. Nye Max og Midg-it er på lager
frå mandag i neste veke.
15.06.07
Vi har utvida
forhandlarlista og du kan få kjøpt dei skotske knott- og myggfellene på
sentrale plassar i Trøndelag. Også i Kristiansund kan du no kjøpe våre
feller direkte hos forhandlar.
09.06.07
I Leknessundet i Solund
kommune har 6 naboar kjøpt inn kvar si Midgeater Max, og er klar
for årets mygg- og knottsesong.
07.06.07
Her er det høg aktivitet, og vi har alt bestilt
tredje leveranse i år frå produsenten i
Skottland. Desse fellene er klar for utsending i slutten av neste veke,
men fortvil ikkje - lageret vårt er ikkje heilt tomt og vi kan enno
levere feller på kort varsel.
06.06.07
Dei 15 fellene på
Tusenårsstaden Gulatinget er utplassert og i drift. Det er teknisk
etat i Gulen kommune som har ansvaret for oppfølginga også i sommar.
04.06.07
Du finn forhandlarar både på
Sotra, Askøy, Kalvåg, Kyrksæterøra og Stjørdal.
Meir informasjon på FORHANDLAR-sida.
31.05.07
Vi har motteke ny
vidareutvikla octenol
frå Skottland.
Octenolen er spesielt tilpassa 2007-modellane med 4 vekers
driftstid pr 10 kg flaske med gass.
Kvar pose varer i 4 veker, og vi sel dei i 3 pakningar til kr 495,-.
25.05.07
Leveranse av Midgeater Max
til Bulandet barnehage 22.05.07.
Les artikkelen i Firda 24.05.07.
"No kan knotten komme"
18.05.07
Nytt parti med Midgeater Max
og Midg-it kjem frå Skottland til Norge, i slutten av neste veke.
09.05.07
Det er stor pågang
etter feller og vi er alt starta planlegginga av å få over neste parti
med Max og Midg-it frå Skottland. Dersom du ønskjer å vere sikra rask
levering, og i tillegg vere klar til knott- og myggsesongen, så kan det
vere lurt å bestille felle no.
08.05.07
Linken under er til
nyheitsbrevet, som går ut til våre kundar i desse dagar.
Nyheitsbrev
vår 2007
(pdf)
16.04.07
Alt bestilte feller er klar for utsending
i neste veke. Vi har mange bestillingar alt, så har du tenkt å vere
tidleg ute i kampen mot dei blodsugande insekta, er det nok lurt å også
vere tidleg ute med fellebestillinga.
30.03.07
Prisane på knott- og myggfellene vert for
2007 følgande:
Midgeater Max kr 11.495,-.
Midg-it kr 8.990,-.
Fellene er klar
til levering i Norge frå slutten av april.
Octenol har vi på lager
enno til kr 479,- for ein 4-pakning , men når nytt parti kjem inn ut på
vårparten vil utsalsprisen auke.
05.03.07
Vi har hatt eit interessant besøk i Skottland hos Texol for nokre veker sidan og kan
no informere om kva som er nytt på 2007-modellane.
- Fellene sin viftekapasiteten er auka med 20 %.
-
Fellene produserer reinare CO2 og får også eit større dekningsområde.
-
Dei nye modellane har
4
vekers kontinuerlig driftstid ved bruk av 10 kg gassflaske,
mot
tidlegare om lag 3 veker.
17.01.07
Dei første bestillingane for 2007-sesongen er
byrja å komme inn, då det er fleire som ønskjer å sikre seg felle i god
tid før ny knott- og myggsesong.
Vi har nokre få Midg-it inne og sel dei til vinterpris kr 7.990,-
(ordinær pris kr 8.990,-)så lenge vi har
igjen på lager.
Prisane for 2007 er
ikkje fastsett enno, men det vil kunne bli ein prisauke på feller og
utstyr då
varer frå Skottland er omlag 10 % dyrare inn til Norge i år grunna
kronekursen.
10.01.07
Texol forskar
kontinuerleg for å utvikle fellene, og vi skal over til fabrikken i
Dundee (Skottland) i slutten av januar for å få informasjon om det siste nye for
2007-sesongen.
02.01.07
Vi ønskjer alle våre kundar eit riktig godt nytt år.
Siste
nytt 2006
11.10.06
Det har vore ein svært travel sommar og
haust, då fellene våre har fått stor merksemd og tal feller ut til
private og bedriftskundar over heile landet, har vore over all
forventning. Spesielt kjekt på slutten av sesongen å få bestillingar der
kunden brukte personar som hadde kjøpt felle tidlegare i sesongen som
sin referanse.
Positive tilbakemeldingar i kunden sitt nærområde, er vår
beste marknadsføring.
02.09.06
Under referanser har vi lagt ut eit
videopptak frå 2005, som vi har motteke frå Arild Asphaug i Tælavåg på
Sotra. Han har filma Midgeater Plus og knotten i aksjon, og det døgnet
fanga fella omlag 700.000 knott.
27.08.06
Vi har framleis nokre få feller igjen på lager, men det har minka også dei siste
vekene. Det er mange som framleis ønskjer å nyte sommarkvelden ute, til
tross for knott- og myggplager.
24.08.06
Sjølv om vi
ikkje har det formelle oppfølgingsansvaret for Tusenårsstaden
Gulatinget, har vi vore innom nokre gonger i sommar for å sjå over
fellene. Tilbakemeldingane er positive og fellene fungerer slik dei
skal.
På bilete oversikten til høgre, har vi lagt inn eit bilete frå siste
runda vi var for
14 dagar sidan.
02.08.06
Mygg- og knottsesongen er ikkje over enno
og kan vare til langt ut i september. Framover er ei viktig tid å fange
ho-insekta, då dei egga som vert lagt no vert først klekt ved
sesongstart til neste år.
25.07.06
Vi har til og med fått bestilling
på felle til ein fotballklubb ved Flekkefjord. Dei satsar på Midgeater
Max for å halde bana fri for sviknott.
13.07.06
Artikkel i Nordhordland 08.07.06:
"Takka vere dei mykje omtala knottfellene,
held knotten seg vekke. Knottfellene på tusenårsstaden ser ut til å
verke godt, også i år."
10.07.06
Siste fella av fjoråretsmodell Midgeater
Plus er solgt. Fella kan ikkje lenger leverast i Norge. Midgeater Max er
ei vidareutvikling av Plus og vi har framleis nokre av denne typen på
lager.
07.07.06
Vi leverte tidlegare i år feller til
Forsvaret og i dag fekk vi nye bestillingar på Midg-it.
Den positiv tilbakemelding på fellene frå Forsvaret er viktig for oss,
då fornøgde kundar er vår beste marknadsføring.
06.07.06
Nettartikkel i Firda 05.07.06 (www.firda.no).
"Knottfellene er
ein suksess".
Knotten blei
inga plage for den store 4H-leiren og Håkonarspelet på
Gulatinget i helga. Arrangørane meiner at utplassering
av knottfeller og god drenering har gjort susen.
26.06.06
Stor aktivitet på fellemarknaden då
klekkesesongen for insekt har starta for fullt etter ein periode både
med varme og fuktigheit.
16.06.06
Vi har motteke ny og sterkare octenol frå
Texol. Høgare innkjøpspris til Norge gjer at ein 4-pakning octenol
kostar kr 479,- frå 17.06.06.
08.06.06
Insektsesongen er starta for fullt og det
er mange som på nytt får kjenne kor plagsomme dei blodsugande insekta
er. For å gi fleire informasjon om fellene vil det dei neste vekene bli
annonsert i aktuelle lokalaviser.
21.05.06
Fellene vi fekk på lager 15.05.06
har ein lågare utsalspris, grunna større produksjonsvolum hos Texol. Utsalsprisen for sommarsesongen 2006
er 10.990,- for Midgeater Max og 8.990,- for Midge-it
(9.850,- i 2005) .
Nokre få feller igjen av typen
Midgeater Plus til spesialpris 9.990,-. Forskjellen mellom Midgeater
Plus og Max er i hovudsak design og pakkestorleik.
20.05.06
Dei 15 fellene på Tusenårsstaden
Gulatinget er utplassert og satt i drift av teknisk
etat i Gulen kommune og Gunnar Bygnes. Teknisk etat skal ha ansvaret for drifta av
fellene vidare.
18.05.06
Annonse og artikkel om knottfellene
i Fjord1-magasinet som dekker buss, ferje og hurtigbåtar i Møre og
Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Artikkelen finn du på side 75,
og du finn også magasinet på Fjord1 si heimeside.
15.05.06
Nye feller på lager i Sogn, levert
frå Texol i Dundee, Skottland.
Fellene er av typen Midgeater Max og Midge-it. Midgeater Plus vert ikkje
produsert lenger, og kan berre leverast så lenge vi har igjen på vårt
lager.
25.04.06
Annonse i det landsdekkande bladet
Hytteliv. Stor respons frå privatpersonar då mange er svært plaga av
knott/mygg over heile landet.
15.04.06
Utstilling av Midgeater Plus hos
Statoil Lavik. Stikk innom og sjå fella dersom du er i området eller
skal med ferja Lavik - Oppedal.
|